Kristin Myskja foto Arvid Samland OED

Ny sjef for energiframtida

Politikk for klima, karbonfangst og havvind er vel nokon av dei viktigaste spørsmåla for framtida vår som finst. No har dissa områda i det ansvarlege departementet fått ein ny sjef.

Arild Aspøy – 17.03.2022

Ho tar steget opp frå avdelingsleiar til ekspedisjonssjef, og blir leiar for KIT avdelinga i Olje- og energidepartementet. Denne avdelinga har ansvaret for klima, karbonfangs, havvind, teknologi, internasjonalisering og forsking og utvikling.

Korleis ser ho for seg at arbeidsdagen kjem til å endra seg i den nye stillinga?

 - Ekspedisjonssjefstillinga er i naturen sin eit breiare ansvar, så eg forventar å måtta jobba meir overordna og strategisk. Avdelinga har ansvar for fleire saker med stor politisk merksemd. Det blir difor viktig å sørga for ei god tilrettelegging slik at vi kan gi gode råd til politisk leiing og gjennomføra dei vedtaka politikarane fattar. Eg ser veldig fram til å arbeida med heile ansvarsområdet til avdelinga – både forsking, leverandørindustri, internasjonalisering, hydrogen og klimapolitikk i tillegg til CCS og havvind som eg kjenner godt frå før.

Lang erfaring

Kristin Myskja, som er frå Tysvær i Rogaland, har lang erfaring frå arbeidet med desse spørsmåla, på trass av at ho berre er 41 år. Og ho kjenner departementet heilt sidan ho byrja å arbeida der i 2006. Med andre ord meir eller mindre rett frå studiane, som ho gjennomførte ved Universitetet i Oslo innan samfunnsøkonomi.

Ho har i arbeidet med karbonfangsaka nesten heilt sidan ideen om denne tanken fekk fart på seg i 2016. Ideen om at Noreg skulle fanga CO2 frå olje- og gassverksemda og pumpa ho ned i dei same felta som desse petroleumsprodukta kjem frå, har ho og kollegaene vidareutvikla til Langskip-prosjektet som Stortinget vedtok i 2020. 

Kjekk arbeidsdag

KIT- avdelinga i departementet har 28 tilsette for å handtera eit enormt fagfelt. Til samanlikning har olje- og gassavdelinga det dobbelte. Og økonomi- og administrasjonsavdelinga har 27 tilsette.

- Avdelinga di har jo ansvaret for eit enormt felt. Har de mange nok folk?

- Vi løyser oppgåvene våre med dei folka vi har. Det inneber av og til at vi må prioritera mellom viktige saker. Samtidig gjer det oss effektive og vi har ein veldig kjekk arbeidskvardag.